REISELIVSFAGET

Reiselivsfaget skal leggje grunnlaget for yrkesutøving knytt til det heilskapelege reiselivsprodukt.

Det inkluderer kundebehandling, service, sal, marknadsføring, utvikling av reiselivsprodukt, transport og transportformidling. Faget skal medverke til å utvikle kompetanse til å møte behova til ulike kundegrupper i ein marknad med høge krav til kvalitet og opplevingar.

Les meir om reiselivsfaget

Sentrale arbeidsområder

  • Å kunne uttrykkje seg munnleg i reiselivsfaget inneber å kommunisere med kollegaer, samarbeidspartnarar kundar og gjester. Bruk av forteljekunst i formidlinga av produkt og tenester er ein del av det å uttrykkje seg munnleg.
  • Å kunne uttrykkje seg skriftleg i reiselivsfaget inneber å kommunisere med kundar, gjester, samarbeidspartnarar og offentlege styresmakter.
  • Å kunne lese i reiselivsfaget inneber å hente informasjon frå litteratur som grunnlag for kommunikasjon mellom gjest og vertskap.
  • Å kunne rekne i reiselivsfaget inneber å kunne utføre utrekningar og hovudrekning, handtere valuta og gjennomføre kassaoppgjer.
  • Å kunne bruke digitale verktøy i reiselivsfaget inneber å hente inn, handsame, produsere, vidareformidle og lagre informasjon. Det vil også seie å bruke digitale verktøy til profilering, distribusjon og sal på Internett.

ANDRE FAG

Gjenvinningsfaget

Gjenvinningsfaget

Reiselivsfaget

Reiselivsfaget

Helsearbeiderfaget

Helsearbeiderfaget

Barne- og ungdomsarbeiderfaget

Barne- og ungdomsarbeiderfaget

Tømrerfaget

Tømrerfaget

Produksjonselektronikerfaget

Produksjonselektronikerfaget

Glassfaget

Glassfaget

Institusjonskokk

Institusjonskokk

Rørleggerfaget

Rørleggerfaget

Sveisefaget

Sveisefaget

Dataelektronikerfaget

Dataelektronikerfaget

Murerfaget

Murerfaget

Salgsfaget

Salgsfaget